| Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på bergen360 og Nordhordland no (torsdag 21. januar 2010). Les mer om roperten… Ungdomrommet på Haukeland har opna, takka vere Krafttak mot kreft 2008I 2009 fekk Haukeland over 1 million kroner etter at Kreftforeningen tildelte midlar frå innsamlingsaksjonen Krafttak mot kreft. Krafttak mot kreft er Kreftforeningens årlige bøsseaksjon som engasjerer og mobiliserer mennesker over hele landet til beste for kreftsaken. Pengane Haukeland fekk ble brukt til oppussing, innreiing, ansetting av fritidsleder og no til vidare drift av Ungdomsrommet.
Den 13. januar kl 17.00, var det tid for den offisielle opning av Ungdomsrommet på Haukeland Universitetssjukehus. Lilly Vinje, ansatt som fritidsleiar på Ungdomsrommet, innleia opninga og fortalte litt om rommet . – Ungdomsrommet er eit tilbod for unge mellom 15 – 35 år som har kreft. Eit rom som er ope heile døgnet alle dagar for kreftpasientar som ønskjer å ta seg ein pause frå sjukehusavdelinga. Her finn du TV, Playstation 3, DVD og CD-spelar, X-box, bøker og blad. I tillegg til kjøkken og toalett. Der er og eit eige rom med dempa fargar om ein vil trekke deg litt tilbake. Både Stener Kvinnsland, administrerande direktør i Helse Bergen, og Olav Mella, avdelingsdirektør ved kreftavdelinga, uttrykte stor glede over å kunne tilby eit ungdomsrom for ungdom med kreft. Mella fortalte at han var svært glad da han fikk et ja frå Kreftforeningen på søknaden om midlar frå Krafttak mot kreft aksjonen. Han synes dette har vore eit vellykka prosjekt med mange gode hjelparar og ildsjeler. Etter den offisielle opninga var det planlagt ei meir lukka opning berre for ungdommar, med blant anna quiz arrangert av Anthony Hill, ein kjent quizvert i Bergen. Kva som elles skjedde denne kvelden, fekk vi ikkje vite noko om…. ! For å sjå fleire bilder følg denne linken: http://www.flickr.com/photos/haukeland/sets/72157623187021830/show/ En stor takk til alle som bidro i Krafttak mot kreft når formålet var ungdom med kreft. Engasjementet og innsatsen deres har gjort en stor forskjell for kreftrammet ungdom som behandles på Haukeland Universitetssykehus.
Vist 2478 ganger. Følges av 4 personer. | ||
Kommentarer
Et strålende eksempel på at frivillig innsats og giverglede kan gjøre en viktig forskjell!